PKO ved DPS’ ane er spesielt viktig  pga den tett grenseflata mellom nivåa når det gjeld arbeidsdeling og  samarbeid.

Momenter som er viktig å formidla til  DPS’ane:

Kommunane treng:

·            Formidling  til DPS’ane om  kva kommunane er sterkast på. ( Støtteehandling ved psykiatriske  sjukepleiarar, fastlegar med bakgrunnskunnskap).

·            God diagnostisk hjelp.

·            Rådgjeving ved meir komplisert medikamentell behandling.

·             Spesialistar på  tidsavgrensa spesifikke  behandlingsmetodar( Td kognitiv behandling  ved  tvang og angst).

·             Open dør  ved akutte forverringar som treng avlasting i institusjon.

·             Akutt utrykkingsteam som kan gi råd og/eller  letta innlegging  ved akutte forverringar. 

Kommunane treng ikkje :

·            Andrelinjepersonell som driv langvarig støttebehandling  fordi dei har gjort pasienten til ”sin”.

·             Eit utrykkingsteam som  funger som   primærmedisinsk  sjukebesøksteneste .

·             Prosjekt som høyrer til i førstelinje (  lettare psykiske lidingar i ”raskare tilbake”).

·             At DPS’ane  gjer  førstelinje arbeid  fordi nokre kommunar ikkje  gjer jobben sjølv.

 

Praksiskonsulenten kan:

·            Sørga for  at DPS’ane held samarbeidsmøter med sine respektive kommunar der  praksiskonsulenten er med.

·             Delta på  leiarmøter i divisjonen med  førebudde innlegg om DPS’ideologi.

·             Arrangera  seminar mellom PKO og  alle DPS’ane i ditt disktrikt der samarbeidsproblematikken blir  drøfta frå alle sider.

·             Sørg for  å bli vald inn i nemder som tek for seg samarbeidskontraktar mellom psykiatrien og kommunane.

·             Prøv å få DPS’ane til å bruka SAMPRO for individell plan dersom pasienten sin  kommune bruker dette verktøyet.

·             Sørga  for å bli med  DPS leiinga  i utarbeiding  av dei  endelege  arbeidsdokumenta for samarbeidet  med  kommunane sine.

·             Etablera samarbeid med   praksiskonsulentane som er knytta til  nærliggande DPS’ar slik at samarbeidet i eit større område blir meir harmonisert.

Motkreftene kan vera fylgjande:

·            Motsetnad mellom psykistrisk ”subspesialisseing” og allmennpsykiatrien i DPS’ane. Fagfolk meriterer meir på første.

·            Manglande vilje  og /eller evne til å prioritera det som er viktigast for kommunehelsetenesta dersom  manglande kapasitet i DPS’a.

·             Manglande  vilje til å prioritera  etter kommunane sitt  behov i staden for faglege  spesialinteresser.

·             Manglande  evne til å sjå kommunehelsetenesta  si styrke  gjennom  mykje bakgrunnknnskap  med engasjement og påverknadskraft i høve til pasienten.

Dette  var i det minste nokre moment som har vore aktuelle for meg, og samstundes illustrerer  prosessen eg har vore gjennom ved etableringa av  Ryfylke DPS.

Eg må òg nemna at Psykiatrisk divisjon ved SUS ikkje hadde tenkt å etablera eit eige Ryfylke DPS, men gjennom langvarig diskusjon med leiinga frå  mi si side der hoverargumentet mitt var  at landdistrikta jobba annerleis enn bydistrikta, og difor ikkje kunne ha eit DPS saman med Stavanger, fekk eg denne etableringa gjennom.

Vonar at noko av dette kan vera til nytte !

Mvh

EIVIND VESTBØ