|
Årsmelding 2001 |
[Startside] [Årsmelding]
Årsmelding 2001 for praksiskonsulentordningen (PKO) ved Sentralsjukehuset i Rogaland (SiR)
Godkjend
26. februar 2002
Dagfinn Carlsen Asgeir Haugedal Pål Hjorth Ruth Midtgarden
Inger Skretting Opstad Olav Thorsen Eivind Vestbø Ole-Kristen Zweidorff
Arbeidet dette året har til
dels vore prega av improviserte ordningar som fylgje av langtidssjukmeldingar. I
tillegg er det framleis ein vakant stilling som praksiskonsulent på ortopedisk
kirurgisk avdeling/plastisk kirurgisk avdeling.
Få endringar frå tidlegare år. Praksiskonsulentane møter greie og imøtekomande sjukehuslegar som ikkje prioriterer PKO-arbeidet høgt i ein travel kvardag. PKO er eit av mange tiltak som kjem ”ovanfrå” i sjukehussystemet og som den travle kvardagen ikkje heilt kan absorbera på line med alle dei andre initiativa som legane på avdelingane skal førehalda seg til.
Vi får inntrykk av ei viss
fagideologisk usemje. Sjukehusleiinga og praksiskonsulentane sine
ynskje om struktur og systematisering når det gjeld prioriteringar,
pasientadministrasjon og informasjonsflyt
mellom sjukehuset og primærhelsetenesta,
kan lett koma i konflikt med sjukehuslegane sine vurderingar. Dei synest å ha
ein implisitt ideologi som inneber
krav om stor fagleg og klinisk
innsikt og forplikting mot dei
pasientane den einskilde lege møter
der og då, men syner mindre interesse for heile populasjonen.
Vellukka
møter og konsensus om samarbeid mellom primær- og
spesialisthelsetenesta.
Publikasjonar
i PRAKSISNYTT med 13 utgåver
om samarbeid mellom
allmennpraktikarane og avdelingane, presentasjon av avdelingar og seksjonar og råd
frå spesialist til allmennpraktikar.
Deltaking
i pasientflytstudie om colorectal cancer, apopleksi før og etter
sjukehusopphaldet, isjas og kronisk obstruktiv lungesjukdom.
Barneavdelinga har hatt ei smågruppe allmennpraktikere i verksemd på allergologisk poliklinikk. Møteserie gjennomført, men ingen tok imot tilbod om hospitering.
Eksterne
foredrag og presentasjonar
Foredrag
om apoplexiprosjektet i
Forum for organisasjonsutvikling i sjukehus og på leiarsamling ved
Buskerud Sentralsykehus.
Innlegg
om PKO på Samfunnsmedisinsk veke.
Ansvar
for dagkurs på primærmedisinsk veke som er under planlegging til hausten 2002.
Gjeld nye behandlingar på sjukehus.
Det er meldt interesse frå einskildlegar og frå kurskomiteen om hospitering. Fleire av dei kliniske avdelingane ser på dette som nyttig og interessant, og tiltak er under planlegging.
Det er lagt ned mykje arbeid knytta opp til IT dette året. Det gjeld arbeidet med elektroniske overføringar av epikrise og røntgensvar (oppstart 2002?). Praksisnytt blir lagt ut og vedlikehalde på web-sida (http://praksis.sir.no ).
Som
ein viktig del av nyorganiseringa ved SiR, presiserer direktøren at det er
legetenesta som har ansvaret for pasient og pasientflyt. I den grad avdelingane
og legane treng praktisk hjelp for å få dette gjennomført, har direktøren
oppretta eit prosjekt med dette føremålet:
PKO
har ein sentral plass i dette prosjektet som skal gå over tre år.
[Startside] [Årsmelding]