|
Nr. 7 Årg. 8 21. april 2005 |
Praksisnytt
Informasjon Kommunikasjon Samarbeid Praksis-Konsulent-Ordningen Allmennpraksis Sykehus Spesialistpraksis
|
|
| Papirutgåve
av Praksisnytt nr. 7 årgang 8 i PDF-format
For å kunna lese PDF må du ha Acrobat Reader. Denne kan du lasta ned fritt, sjå sida for nedlasting. |
HEILE PSYKIATRISK KLINIKK ER NÅ DEKKA AV PRAKSISKONSULENTORDNINGA
Psykiatrisk
klinikk er ein stor og viktig samarbeidspartnar for primærlegetenesta. Det
har difor vore eit sakn at det berre er BUP som har hatt praksiskonsulent
tidlegare. Nå er Eivind Vestbø ( kommunelege i Finnøy) tilsett som
praksiskonsulent for resten av klinikken. Dette er eit svært arbeidsområde
sidan Psykiatrisk klinikk er den største i helseføretaket med ca.1250
tilsette eller 972 årsverk, 358 heildøgnsplassar og 76 dagplassar. I 2004
hadde klinikken 58.693 polikliniske behandlingar, 106.011 opphalds-døger og
26.259 opphaldsdagar. I tillegg kjem at klinikken har gjennomgått ei stor
omorganisering, og skal nå gjennom ein ny runde med nyorganisering og
oppbygging av DPS strukturen.
Det
seier seg sjølv at det må prioriterast strengt i ein slik situasjon.
Praksiskonsulent-arbeidet i helseføretaket tek delvis utgangs-punkt i fysisk
nærver ved dei einskilde avdelingane, delvis gjennom saker som blir tatt opp
frå den einskilde avdeling eller primærlege i høve til avdelinga, eller det
er fellessaker om samarbeid som praksis-konsulentane drøftar og prøver å løysa
i fellesskap.
Når
det gjeld psykiatrisk klinikk, er fysisk nærver fåfengt. Praksiskonsulenten
blir difor prisgitt gode innspel frå fastlegar og fagleg ansvarlege på dei
einskilde avdelingane. Det er avgjerande at ros og ris, framlegg til
forbetring og viktig informasjon til og frå sjukehus og allmennpraktikar blir
kanalisert gjennom PKO og Praksisnytt. Klinikken
skal vera klar over at all informasjon i Praksisnytt er lagra elektronisk og
kan søkast på av fastlegen. Dermed får den ein heilt annan oppslagsverdi
enn informasjon i brevs form.
Når
det gjeld prioriteringar, vil sjølvsagt innhaldet i dei to viktigaste
samarbeids-dokumenta, epikrise og tilvising, få høg prioritet. Epikrisetid
og innhald kan nok bli betre frå klinikken si side, og tilvisingane har også
her vekslande kvalitet. Dei lid ofte under behov for breiare faktagrunnlag enn
det som ligg i den akutte innleggings-situasjonen. Klinikken har ein
komplisert organisasjon, og PK må vera pådrivar for at dei mange tilboda
skal blir godt nok kjende. Elles bør det jobbast for at fastlegen ikkje blir
perifer i ettervern og planar. Dessutan dukkar det lett opp problem i omsorga
for felles pasientar. Klinikken vil snart koma med ein orientering i
Praksisnytt om dei ymse tilboda knytt til inngangsportar i klinikken og kvar
tilvisingane skal sendast.
Men
aller viktigast er: Både fastlegar og fagleg ansvarlege i klinikken må
koma med innspel! Alle vil bli tatt i mot med takk. Klinikken har store
forventninga til ordninga og vil på beste måte sørga for at innspela blir
nytta i kvalitetsforbetringsarbeidet.
Inger
Kari Nerheim
Eivind Vestbø
Klinikkdirektør
Praksiskonsulent
Den gode tilvising i WinMed
Praktiske råd for å bruka ”Den gode henvising” i WinMed journalprogram for allmennpraksis.

Første val er ”Korr”, deretter ”Henvisningstype” og til slutt ”Den gode henvisning”. Jfr. ovanståande figur.
Det er særs to viktige rubrikkar i denne henvising som medfører auka kvalitet i skrivet:
| 1: Presisering av kvifor ein har tilvist. | ![]() |
| 2: Vurdering/indikering av hastegrad. | ![]() |
Ved å ta i bruk ”Den gode henvisning” vil venteleg mottakande lege på SUS få betre grunnlag for å gjera rett prioritering i høve til pålagd vurdering som skal gjerast innan gitte fristar.
Punkt 2 ovafor er sjølvsagt ikkje bindande, men er å sjå som ei saksopplysing. Tilvisande lege må ikkje misbruka dette, men nytta feltet på objektivt grunnlag.
PKO SUS