Nr. 7 Årg. 12

13. mai 2009

Praksisnytt

Informasjon         Kommunikasjon           Samarbeid      

Praksis-Konsulent-Ordningen

Allmennpraksis         Sykehus         Spesialistpraksis

 


TilbakeFørre nummer  |  Neste nummer

Papirutgåve av Praksisnytt nr. 7 årgang 12 i PDF-format 

For å kunna lese PDF må du ha Acrobat Reader. Denne kan du lasta ned fritt, sjå sida for nedlasting

DEMENS

 REVIDERT OPPLEGG FOR SAMARBEID MELLOM FASTLEGANE OG 3 POLIKLINIKKAR

Bakgrunn

Representantar for  geriatri, alderspsykiatri, neurolgi og PKO har saman blitt samde om reviderte retningsliner  med bakgrunn i Helsedirektoratets  nye reviderte  utgåve av utredningsverktøyet  Demensutredning i  kommunehelsetjenesten  laga i samarbeid med Nasjonalt kompetansesenter for demens. Det er sendt til alle kommunar, og er i tillegg å finna  www.aldringoghelse.no .

Kommunen og fastlegen sine oppgåver

I kommunane bør utredningsverktøyet leggast til grunn ved all utredning av kognitiv svikt. Ein føresetnad for dette er at kvar kommune oppretter eit demensteam  som saman med fastlegen gjer kvar sin del at utredninga. Geriatrisk, alderspsykiatrisk og neurologisk poliklinikk  vil på same måte ha som føresetnad  at  utredning  i samsvar med verktøyet er gjort på dei pasientane som blir tilvist. I praksis vil dette seia: (Sjå utredningverktøy til bruk for  LEGER for detaljer)

Indikasjonar for tilvising til  spesialisthelstenesta

Rett poliklinikk

Undervisningstilbod til kommunane

Ein ser det som avgjerande at kommunane nå organisererer utredning av kognitiv svikt etter dei nye retningslinene. Alderspsykiatrisk  seksjon har difor laga eit undervisningsopplegg for å hjelpa kommunane i gong med organisering av demensteam og skolering av deltakarar .  Ønsket er ettekvart å få i stand eit fagnettverk for utredning og behandling av kognitiv svikt. Interesserte kontaktpersonar i kommunane og dei ulike kollegagruppene til fastlegane  kan ringa Allan Øvereng på mobilnr. 915 34 557 for å avtala undervisning og hjelp. 

Tidsplan

Mange kommunar er alt godt organisert for dette arbeidet. Andre er ikkje kome i gong endå. Poliklinikkane vil ta omsyn til dette  i vurderinga av tilvisingar. Men frå 1. januar 2010 reknar ein med at kommunane har fullført sin del av organiseringsarbeidet  slik at denne vegleiinga  kan gjelda fullt ut, men med den fleksibilitet som alltid må vera til stades  når generelle råd skal fylgjast.

For PKO Alderspsykiatrisk poliklinikk Geriatrisk poliklinikk Neurologisk poliklinikk
Ivar Halvorsen    Raman  Dhawan Hogne Sønnesyn Corinna Vossius
Eivind Vestbø Allan Øvereng

Til toppen

Telefonnummer på røntgenrekvisisjon

Kan dere setter tilgjengelig tlf.nr. på rekvisisjone? Dette er veldig viktig for oss, og ville lette kommunikasjon/diskusjon og tilbakemeldinger betraktelig. Hvis vi må bruke lang tid for å finne rekvirenten, så har vi ofte ikke tid til dette.

Anne Hylland, Avd.sjef, Avd.for radiologi

ME/CSF

Stor konferanse for helsepersonell på SUS i store auditorium 12. juni 2009 med en verdens-ledene forsker på ME/CFS.  Se www.pko.no/sus/Oppslag/ME_konf.pdf.

Åse Marie Lønning, ME-foreningen i Rogaland

Til toppen

Praksisnytt via e-post?

Send namn, arbeids- og e-postadresse til redaktøren på asgeir.haugedal@sandtangen.nhn.no

Tilbake